Danse med skjebnen
Billettar
Om arrangementet
Musikalsk reise basert på låtane til Dance With a Stranger Vi finn oss på ein ukjend stad ved havet. Den siste ferja har gått, men det er framleis lys i det slitne rommet. Her møtast tre menneske som søker seg bort, og som lengtar etter noko dei ikkje helit veit kva er. Mannen kjem akkurat for seint til avgang. Kvinna fyl opp kiosken sjølv om kundane er borte. Og ferjemannen dirigerar ei ferjekø tom for bilar. Det oppstår både humoristiske og underlege situasjoner når dei gjentekne forsøka på å reise videre stadig vert avbrotne. I det nedlagde venterommet har eit band blitt sitjande lenge og nesten blitt ein del av inventaret. Gradvis finne dei tilbake til samspelet når dei tre ukjende kjem inn og byrjar å nøste i musikalske minner. Danse med skjebnen er ei reise inn i eit mystisk og musikalsk univers kor det kan vere uklårt kva som er draum og kva som er røyndom. Stykket handlar om små forventningar som ikkje vert innfridde, og korleis ein kan kome seg videre når alt virker mørkt. Dance With a Stranger sine låtar og musikk er ryggrada i musikkteaterstykket Danse med skjebnen. Med deira folkekjære hitar og tre spellemannpriser, er Dance With a Stranger ein del av nordmørsk og norsk musikkhistorie. I Danse med skjebnen er låtane gjendikta til dialekt av Eli Stålhand, og Vidar Kvalshaug har skrive ein ny forteljing.