Bjørn Eidsvåg

Om arrangementet

Bjørn Eidsvåg med band inntek Stranda! I haust skal Bjørn gjere det han likar aller best, nemleg legge ut på vegen og vitje landets krikar og krokar. Med seg til Stranda har han sitt framifrå band og ein rikhaldig katalog med kjende og kjære låtar. Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spelt teaterframsyninga "Etterlyst: Jesus", på scener over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gongar, stått på atskillige festivalscener, gitt ut bok, lagt ut på ein nær utseld Norgesturné saman med Sigvart Dagsland og gitt ut sitt 28. album. I haust vitjar han Stranda og Storfjord Kulturhus for å spele konsert. «Eg og bandet ser stort fram til å innta Storfjord Kulturhus. Etter eit stille 2020 skal det bli fint å møte publikum igjen. Gamle låtar skal pussast opp, nyare låtar skal presenterast og kjende songar skal spelast som dei er. Blir moro!», fortel Eidsvåg. Med 28 album og ei ekstraordinær formidlingsevne har Bjørn Eidsvåg opparbeidd seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrive ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. Han er ein songar og ein historieforteljar som publikum vender tilbake til år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg er ei oppleving som egnar seg like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer og kulturhus.