"ARE KALVØ - TOPPAR VG-LISTA" av og med Are Kalvø

Om arrangementet

«ARE KALVØ – TOPPAR VG-LISTA» Av og med Are Kalvø Regi: Erik Ulfsby Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas? Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. «Toppar VG-lista» handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans. Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø på turné med Stand Up Norge. Etter forestillingen kan man treffe Are Kalvø og få boken «Toppar VG-lista» signert med personlig hilsen. Musiker: Ståle Sletner Sangerinne: Benedicte Søreng