Om Kulturhuset
Adresse: Øyna 1
Postadresse: postboks 128, 6201 Stranda
Epost: post@storkultur.no
Telefon 70 26 87 87
Mobiltelefon, dagleg leiar: 90 64 62 00
Postadresse: postboks 128, 6201 Stranda
Epost: post@storkultur.no
Telefon 70 26 87 87
Mobiltelefon, dagleg leiar: 90 64 62 00
|
Storfjord Kulturhus er eit regionalt kulturhus for bygdene kring Storfjorden. Huset ligg i hjartet av Stranda sentrum, og vart opna i november 1999. I tillegg til kino-/konsertsal med sitjeplass til 300 menneskje i amfi, inneheld huset fleire mindre møtesalar, konferanserom, kafe, kunstutstilling, folkebibliotek og parkeringskjellar. Kulturhuset er eigd av Stranda kommune. Partslaget Storfjord Kulturhus BA står for drifta, og dagleg leiar er Sigurd Drege. |
|
I tillegg til å vere den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, skreddersyr vi arrangement i ymse storleikar - frå små møte til selskap, stemne og konferansar med inntil 300 deltakarar. Vi syter sjølvsagt også for servering av lunsj- og middagsrettar, og stiller med skjenkeløyve når det er ønskjeleg. |






